Rognebærmøllvarsling

Rognebærmøllen kan vere ein alvorleg skadegjerar i eple, men berre i dei åra det ikkje er nok eggleggingsstader i rognebær. Rognebærmøll klekker frå overvintrande pupper på våren, og for å vurdere om det er fare for angrep må ein både vite kor mykje rognebær det er i høve til rognebærmøll, og når rognebærmøllen er klar for å leggje egg.

Prognose for angrep vert rekna ut for meir enn 50 stasjonar fordelt på alle fruktdistrikt (sjå kart). Varslinga av rognebærmøll er eit samarbeid mellom lokale rådgjevarar i fruktdistrikta og NIBIO.

Fordi utviklinga til rognebærmøll er avhengig av temperatur, kan utviklingsfarten og tidspunkt for tiltak variere mellom ulike distrikt. For å vurdere tidspunktet må du ha notert når rogna sto i full blom og rekne ut varmesum etter det.

Du kan lese meir om rognebærmøll i Plantevernleksikonet og meir om varslingsmodellen her.

Generelle meldingar om prognose, utvikling og tiltak finn du her.

Meldinger

I fjor vart det angrep av rognebærmøll i heile landet, no er varselet for fare for angrep i 2023 klart.

Det er no vurdert fare for angrep av rognebærmøll basert på blomeklasar i vår, bærklasar i fjor haust og angrepsgraden av rognebærmøll i rogn i fjor. Resultata tyder på at det ikkje er fare for angrep i Viken-området, Sørlandet og i Ryfylke. I Sogn, Nordfjord og Hardanger er det meir variasjon. Tala for Telemark vert lagt ut så snart dei er klare. Stasjonane Sogndal, Nordnes, Leikanger og Hermannsverk vert slått saman frå i år. På grunn av at det ikkje vart samla inn tal i fjord haust, vert det i år ikkje gjeve varsel. Det ser ut til å vera stor variasjon i blomemengde generelt, og varselet må difor tolkast ut frå kor mykje rogn det er rundt kvar hage. Nokon melder at det er færre bær på 'telje-trea' enn kva som er tilfelle i området elles. Kontakt lokal NLR for råd om varsel og eventuelle tiltak.

  • Fare for angrep
  • Mulig fare for angrep
  • Ingen fare for angrep
  • Varsel ikke beregnet